Tekst: Johannes S. Førde Foto: Kristian S. Førde Dato: 07.07.2007 Klokka: 01:29:43  
Ei verdig avslutning

Solnedgongen rett etter avslutningsleirbålet
Etter ei veke full av ulike aktivitetar og opplevingar, er no leiren offisielt over. Arnatveit NMU sørga for ei verdig avsluttning på ei fantastisk veke i Breivik.

Avslutningsleirbålet kunne skilte med tidlegare leirminner, god underhaldning og god leirbålstemning.
Det var ei litt anna stemning over leirbålet fredag kveld, enn det var på dei tidlegare leirbåla. Alle gledde seg til å sjå kva underhaldning Arnatveit og kompani hadde stelt i stand, men samstundes visste ein at når leirbålet var slutt var óg leiren slutt. Ikkje meir presenningbåt, ikkje meir hattetoving, ikkje meir kald kylling og ikkje meir kos rundt bålet om kvelden. Alle desse tinga gjekk gjennom hovuda til leirdeltakarane mens "Arnagutane" varma opp til leirbål.

Alt dette vart likevel fort gløymt då John Øyvind Livden frå Arnatveit NMU sendte avgarde fakelberaren i ekte olympisk stil, for å tenne leirbålet på ein litt utradisjonell måte. Derifrå gjekk det slag i slag. Mona frå 1.Skjold sang Fri-songen, nokre jenter frå Arnatveit hadde songleik og alle på leirbålet vart kjend med skjelpadda Ruth. Som på alle andre avslutningsleirbål var det óg ein del prisutdelingar før det uungåelege nærma seg. Men Kolltveit og Os ville ikkje la det ende der. Før leirsjefen kunne entre scenen, gjorde dei ein rask ønskereprise frå leirbålet på onsdag og nokre nykomponerte songar for høvet.

Så kom leirsjefen på scenen og måtte gjere det ingen leirsjef eigentleg vil gjere, avslutte leiren. Etter nokre velvalgte ord gav han beskjed til Helga om å fire leirflagget. Ein vellukka krinsleir var offisielt over, og folk kunne for siste gong gå tilbake til leirområda sine i den vakre solnedgongen på Fitjar.
Hittegods
Har du gløymt noko under leiren? Då kan du sjekke lista under "RUNDSKRIV" og sjå om den er med der. Les meir
Ei verdig avslutning
Etter ei veke full av ulike aktivitetar og opplevingar, er no leiren offisielt over. Arnatveit NMU sørga for ei verdig avsluttning på ei fantastisk veke i Breivik. Avslutningsleirbålet Les meir
Fuktig økt
Nedanfor roverleiren har det dei siste dagane vore ei stor samling av kanoar. Det er klart for kanoøkt. 100-Lappen si utsending hadde ikkje mykje å melde før kanoen "Vannrotta" med Marte, Mona Les meir
Over fjellet på leir
To av gruppene på leiren har reist lenger enn dei andre for å kome på "Speiding i 100" her i Breivik. 1.Øståsen MS og 6.Drammen MS la bak seg meir enn 10 timar med henholdsvis Les meir
Vevkamera: