Tekst: Johannes S. Førde Foto: Kristian S. Førde Dato: 07.07.2007 Klokka: 01:26:29
Fuktig økt
Nedanfor roverleiren har det dei siste dagane vore ei stor samling av kanoar. Det er klart for kanoøkt. 100-Lappen si utsending hadde ikkje mykje å melde før kanoen "Vannrotta" med Marte, Mona og Hilde frå 1.Skjold kom i land.
Dei var ein heil del våtare enn alle andre. Det var tydelig at det hadde vore noko vasspruting ute på sjøen. Me spurde om dei hadde lært noko på denne økta.
-Ja, svarar dei raskt.
-Folk sprutar på oss viss me sprutar på dei, ler to av jentene. Hilde, som er desidert våtast av dei tre er ikkje fullt så nøgd. Vaktane på staden kan melde at trass litt vasskrig, har det kun vore ein velt på økta. Noko som må seiast å vere bra når ein ser på kor mange speidarar som har delteke.