Tekst: Johannes S. Førde Foto: Kristian S. Førde Dato: 07.07.2007 Klokka: 01:24:51
Over fjellet på leir
To av gruppene på leiren har reist lenger enn dei andre for å kome på "Speiding i 100" her i Breivik. 1.Øståsen MS og 6.Drammen MS la bak seg meir enn 10 timar med henholdsvis tog og buss. 100-Lappen møtte Åsmund og Anna frå 1.Øståsen MS og Kristian og Eline frå 6.Drammen MS, til ein liten prat i fjæra.
Dei innrøm at reisa over fjellet ikkje var det mest spanade dei hadde vore med på, men at det absolutt har vore verdt turen. Grunnen til at dei to austlandsgruppene tok turen til Fitjar, var ein invitasjon frå Bergen MS som dei begge takka ja til.
For Anna og Eline er dette fyrste leiren dei er med på, medan dei to gutane har vore med på éin leir tidlegare. Dei fire unge har difor vanskeleg for å trekkje fram så mange forskjellar mellom vest og aust på dette området.
-Det er kaldare i vatnet her, seier Åsmund og dei andre ler med. Kristian legg til at på den forrige leiren han var på, hadde dei større plass enn dei har her. Det store geografiske skillet til tross, har dei fire ungdomane 100-Lappen snakka med, ikkje hatt problem med å få seg nye vener. Eline valgte ein noko utradisjonell måte å få kontakt med vestlendigane på. Dei fyrste dagane gjekk ho med ei t-skjorte med påskrifta "Brann suger", og kontaken lot ikkje vente på seg.
- Dei synest me snakkar litt rart, smiler Anna. Dette kan dei andre seie seg enige i. Men det går begge veier legg Kristian til. -Det er ikkje alt dykk seier som me forstår heller. Og nokon forviklingar har det vore.
Då me mot slutten av den vesle samlinga vår i strandkanten spør dei nøgde speidarane om det er noko dei vil seie til lesarane av 100-Lappen, blir dei tause. Me velgjer å tolke det til at dei er så fulle av vestlandsintrykk, at dei er mållause av den grunn. Alle fire har iallfall lysst til å kome attende til dei to krinsane våre ved eit anna høve.