Tekst: Johannes S. Førde Foto: Kristian S. Førde Dato: 06.07.2007 Klokka: 02:35:11  
Lappar og sirkus

Etter at Speidarane sin Sentralbank hadde vitja leirområdet og delt ut på tusenvis av hundringsar, var det duka for marknadsdag i Breivik. Unge og gamle straumde til for prøve alle dei ulike aktivitetane.

Sirkuleringa av valuta vart stor, til glede for nokon, til irritasjon for andre. Dette kan sjåast på som ein god skule, før ein sjøl skal styre sin eigen økonomi.
Rundt klokka 14:00 på torsdag byrja lukta av popkorn og arme riddere å spre seg i leiren, det var klart for marknadsdag. Mange av gruppene hadde lagt mykje arbeid ned i aktiviteten sin og kreativiteten var stor. Nede ved sjøen kunne ein oppleve mellom anna hesteveddeløp hjå 1. Fjøsanger, 4. Bergen sin frisørsalong, krabbeløp hjå Bua, bowling med Bergen M/S og sette seg ned på kafé hjå Rosendal. Den nyoppretta valutaen "Hundrings" fekk bein å gå på. Marknadskreftene var så harde at ut over dagen måtte nokre speidarar ty til tigging på grunn av kjøpepresset. I tillegg til speidarane var det óg ein del foreldre og vener som tok turen for å oppleve marknad på ekte speidarvis. 100-Lappen snakka med ei jente som etter denne dagen gledde seg til å byrja i speidaren neste år. Så om marknadskreftene kanskje var litt harde, hadde i alle fall reklamekreftene ein positiv effekt.
Hittegods
Har du gløymt noko under leiren? Då kan du sjekke lista under "RUNDSKRIV" og sjå om den er med der. Les meir
Ei verdig avslutning
Etter ei veke full av ulike aktivitetar og opplevingar, er no leiren offisielt over. Arnatveit NMU sørga for ei verdig avsluttning på ei fantastisk veke i Breivik. Avslutningsleirbålet Les meir
Fuktig økt
Nedanfor roverleiren har det dei siste dagane vore ei stor samling av kanoar. Det er klart for kanoøkt. 100-Lappen si utsending hadde ikkje mykje å melde før kanoen "Vannrotta" med Marte, Mona Les meir
Over fjellet på leir
To av gruppene på leiren har reist lenger enn dei andre for å kome på "Speiding i 100" her i Breivik. 1.Øståsen MS og 6.Drammen MS la bak seg meir enn 10 timar med henholdsvis Les meir
Vevkamera: