Tekst: Johannes S. Førde Foto: Kristian S. Førde Dato: 06.07.2007 Klokka: 02:30:25  
Spelegalskap i Breivik

Klokka ti i går var det igjen klart for nye aktivitetsøkter. På 100-Lappen sitt program var det i dag klart for speidarlovlotto- og terningsøkt. Då me kom ned til scenen var det god stemning i amfiet som for anledninga fungerte som systue.
Terning produksjonen var i full gong. Patrulja Ørn frå Haugesund NMU Nord syntest oppgåva var heilt grei, men legg til:
- Når du har kome i gong med noko, må du bare gjere det ferdig, legg ein av gutane raskt til. Ein annan flokk med ørner, desse frå Skånevik Speidargruppe, var noko meir entusiastiske. Dei likte å sitte samen i sola og arbeide med ei rolig oppgåve.
- Det er betre enn å strikke, seier Julia med eit smil. Ingen av dei øktdeltakarane 100-Lappen snakka med, hadde noko klar plan for kva dei skulle bruke terningane til. Men i løpet av fredagen skal alle vere ferdig med terningen sin, så kva med kjempe-yatzy med rundt 800 terningar?
Frå scenen tok 100-Lappen turen ned mot roverleiren og speidarlovlotto. Her var det full aktivitet i steinrøysa. Speidarane skulle nemleg samla saman stein med ord på, for så å sette saman desse orda til paragrafane i speidarlova. Dette var ei oppgåve som krevde samarbeid på tvers av patruljegrenser og krinsgrenser. For fant ein ikkje dei steinane ein trong, måtte ein bytte med andre. Med både speidarlovlotto og terningproduksjon, spørs det om kulturminister Trond Giske hadde satt pris på all denne spelaktiviteten blant ungdom.
Hittegods
Har du gløymt noko under leiren? Då kan du sjekke lista under "RUNDSKRIV" og sjå om den er med der. Les meir
Ei verdig avslutning
Etter ei veke full av ulike aktivitetar og opplevingar, er no leiren offisielt over. Arnatveit NMU sørga for ei verdig avsluttning på ei fantastisk veke i Breivik. Avslutningsleirbålet Les meir
Fuktig økt
Nedanfor roverleiren har det dei siste dagane vore ei stor samling av kanoar. Det er klart for kanoøkt. 100-Lappen si utsending hadde ikkje mykje å melde før kanoen "Vannrotta" med Marte, Mona Les meir
Over fjellet på leir
To av gruppene på leiren har reist lenger enn dei andre for å kome på "Speiding i 100" her i Breivik. 1.Øståsen MS og 6.Drammen MS la bak seg meir enn 10 timar med henholdsvis Les meir
Vevkamera: