Tekst: Johannes S. Førde Foto: Espen Fosse Dato: 06.07.2007 Klokka: 02:26:43
Baksida av medaljen
Ikkje alt arbeidet rundt leirarrangering er like rosenraudt. For at hjula skal gå rundt er det nokon som må gjere drittarbeid, og det bokstavleg talt.
Minst ein gong til dagen må alle dei små blå vaskast og tømmast. 100-Lappen blei med grunneigar Einar Breivik og medlem av serviceetaten Jostein Nesse på det som kanskje er den verste jobben, toalettømminga. Sjølve prosessen er relativ enkel og smertefri.
Fyrst opnar ein toalettskåla, før ein stikk slangen ned i det mørke djupet og slurper til. Alt det me legg frå oss havnar i tankvogna til Einar for så å bli transportert til SIM. Så tenk litt på dette neste gong du tar turen øvst i leiren. Nokre frivillige jobbar hardt for at me skal ha det godt på leir.