Tekst: Johannes S. Førde Foto: Svein Magne Jørgensen Dato: 06.07.2007 Klokka: 02:24:49
Intim strandfest
Stemninga var på topp når Martin Johannesen opna isfesten til MS speidarane nede i fjæra torsdag kveld. Leirsjef Ragnar Pettersen var heidersgjest og vart mottatt med stol og dekka jord.
- Me MS speidarar liker å stikke oss litt ut, seier konfransier Martin med eit smil. Menyen denne flotte sumarkvelden var brus og is med diverse garnityr. 100-Lappen snakka med Malin og Cecilie frå Øståsen MS om kva som er så bra med MS speidarane.
- Me er spesielle og litt meir unike enn andre speidarar, svarer dei nesten i kor. Her på leiren er det tre MS grupper, Bergen MS, Drammen MS og Øståsen MS. Sjølv om dei ikkje er så mange, så viser dei i alle fall godt igjen.