Tekst: Johannes S. Førde Foto: Kristian S. Førde Dato: 06.07.2007 Klokka: 02:23:12
Roveroppgjer
Under volleyballkampen mellom roverane frå 1.Storåsen og 1.Skjold, vart det inngått eit veddmål ingen kunne komme seg ut av.
Taparen av kampen måtte nemleg symja frå volleyballbanane nede ved scenen, og inn til roverleiren. Dette gav kampen ei ekstra spenning. For kvar serv som blei tatt verka sjøen nærare og nærare. Til slutt var det gjengen frå 1. Storåsen som måtte bite i det sure eple, og legge på sym til stor jubel frå motstandarane.