Tekst: Johannes S. Førde Foto: Espen Fosse Dato: 05.07.2007 Klokka: 12:38:25
Travel programsjef
Mellom dei mange programøktene har 100-Lappen fått eit eksklusivt intervju med programsjef Tove Midtskog. I intervjuet fortel Tove om sin speidardebut, leirminner og om jobben som programsjef.
Namn: Tove Midtskog
Sivilstatus: Gift, 2 born og 2 barneborn
Arbeid: Husmor og speidarleiar
Negativ eigenskap: Litt for sta av og til
Positiv eigenskap: Tolmodig og godt humør
Å få til eit intervju med viseleirsjef og programsjef Tove Midtskog er inga lett oppgåve. Er ho ikkje ute og arbeider får ho ein telefon og må hjelpe nokon. Men 100-Lappen klarte omsider å få kapre ho til ei roleg stund i solstolen, noko me trur Tove óg sette pris på.
Mange veit godt at Tove er speidarleiar i Åkra Speidargruppe, men at ho starta karrieren sin i KFUK i Skudneshavn allereie som sjuåring, er kanskje mindre kjent. Grunnen til at ho gjekk over til NSF var landsleiren på Notodden i 1985. Sjølv var ho ikkje på leiren, men synest det høyrdes så spanande ut at ho melde seg frivilig som leiar i Åkra. Sonen til programsjefen starta óg i speidaren i denne perioden, dette var nok og ein avgjerande faktor for overgongen til NSF.
Når 100-Lappen spør Tove om hennar beste leirminne, får me sjå ei ny side av den elles så sikre viseleirsjefen. Ho lener seg tilbake og får ei lita tåre i augekroken.
- Avslutninga av landsleiren på Eidskog i 1993, svarar ein tydleg rørt viseleirsjef. Under avslutninga satt nemleg alle i regnet og tente eit lys kvar.
- Det var berre heilt fantastisk, smilar programsjefen. - Sol får ein ofte, om ikkje alltid frå oven, så i alle fall frå innsida, legg Tove til.
- Målet for denne leiren er å komme seg gjennom med hovudet over vatnet, ler programsjefen. Ho synest det er spanande å sjå korleis speidarane reagerar på oppgåvene programetaten har arbeida med så lenge. I det Tove skal til å fortsette ringer telefonen, folk frå etaten hennar treng hjelp. Den rådsnare programsjefen gir gode råd over telefonen før me får fortsette intervjuet.
100-Lappen skjønar at tida vår med viseleirsjefen nærmar seg slutten, og spør raskt om det er noko Tove sjølv vil legge til før me rundar av. Ho byrjar å le og me ser tydeleg at ho tenkjer seg godt om.
- Korleis skal eg få formulert dette enkelt og greit, undrast den travle programsjefen. Etter ei stund svarar ho:
- Programetaten gjer så godt dei kan. Ingen kan forlanga noko meir enn det, rekk Tove akkurat og seie før telefonen ringer igjen og ho må forlate solstolen. 100-Lappen rekk såvidt å få takke for praten, før programsjefen har runda hjørnet på veg mot nye arbeidsoppgåver.