Tekst: Johannes S. Førde Foto: Kristian S. Førde Dato: 05.07.2007 Klokka: 12:33:44
Italiensk kjøkken i fjæra

Kreativ steiking på spade med Ekerhovd FA.
Lord Baden-Powell sa noko slik som at alle kan klare seg i telt i solskinn, men kun ein ekte speidar klarer det i regn. Om det same gjeld for matlaging skulle ein finne ut nede i strandsona på onsdag.
Under ei av øktene skulle nemleg patruljane lage calzone på bål, og det i regnvér med ein heller fuktig ved. Men dette var ikkje noko hinder for dei unge kokkane. Den eine innbaka pizzaen etter den andre vart klar, og patruljane 100-Lappen snakka med lova å smake på den italienske delikatessa frå Breivik sitt fyrste internasjonale kjøkken.