Då var leiren over

Her kan du lese reportasjar, sjå på bilete, sjekke vermeldinga eller skrive i diskusjonsforumet.

Hittegods

Har du gløymt noko under leiren? Då kan du sjekke lista under "RUNDSKRIV" og sjå om den er med der.
Les meir

Ei verdig avslutning

Etter ei veke full av ulike aktivitetar og opplevingar, er no leiren offisielt over. Arnatveit NMU sørga for ei verdig avsluttning på ei fantastisk veke i Breivik. Avslutningsleirbålet kunne skilte med tidlegare leirminner, god underhaldning og god leirbålstemning.
Les meir

Fuktig økt

Nedanfor roverleiren har det dei siste dagane vore ei stor samling av kanoar. Det er klart for kanoøkt. 100-Lappen si utsending hadde ikkje mykje å melde før kanoen "Vannrotta" med Marte, Mona og Hilde frå 1.Skjold kom i land.
Les meir

Over fjellet på leir

To av gruppene på leiren har reist lenger enn dei andre for å kome på "Speiding i 100" her i Breivik. 1.Øståsen MS og 6.Drammen MS la bak seg meir enn 10 timar med henholdsvis tog og buss. 100-Lappen møtte Åsmund og Anna frå 1.Øståsen MS og Kristian og Eline frå 6.Drammen MS, til ein liten prat i fjæra.
Les meir

Lappar og sirkus

Etter at Speidarane sin Sentralbank hadde vitja leirområdet og delt ut på tusenvis av hundringsar, var det duka for marknadsdag i Breivik. Unge og gamle straumde til for prøve alle dei ulike aktivitetane. Sirkuleringa av valuta vart stor, til glede for nokon, til irritasjon for andre. Dette kan sjåast på som ein god skule, før ein sjøl skal styre sin eigen økonomi.
Les meir

Spelegalskap i Breivik

Klokka ti i går var det igjen klart for nye aktivitetsøkter. På 100-Lappen sitt program var det i dag klart for speidarlovlotto- og terningsøkt. Då me kom ned til scenen var det god stemning i amfiet som for anledninga fungerte som systue.
Les meir

Baksida av medaljen

Ikkje alt arbeidet rundt leirarrangering er like rosenraudt. For at hjula skal gå rundt er det nokon som må gjere drittarbeid, og det bokstavleg talt.
Les meir

Intim strandfest

Stemninga var på topp når Martin Johannesen opna isfesten til MS speidarane nede i fjæra torsdag kveld. Leirsjef Ragnar Pettersen var heidersgjest og vart mottatt med stol og dekka jord.
Les meir

Roveroppgjer

Under volleyballkampen mellom roverane frå 1.Storåsen og 1.Skjold, vart det inngått eit veddmål ingen kunne komme seg ut av.
Les meir

Travel programsjef

Mellom dei mange programøktene har 100-Lappen fått eit eksklusivt intervju med programsjef Tove Midtskog. I intervjuet fortel Tove om sin speidardebut, leirminner og om jobben som programsjef.
Les meir

Italiensk kjøkken i fjæra

Lord Baden-Powell sa noko slik som at alle kan klare seg i telt i solskinn, men kun ein ekte speidar klarer det i regn. Om det same gjeld for matlaging skulle ein finne ut nede i strandsona på onsdag.
Les meir
Vevkamera: